Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Full fart i Skog-Kompaniet

Full fart i Skog-Kompaniet

Jon Olav Ørsal Fredag 18. november 2011

2011 har vore eit travel år for Skogkompaniet fortel dagleg ledar Kristen Bruset.  Han fortel at dei tidleg såg at det kom til å bli bra med oppdrag. – I ettetid ser  vi at det var bra, for det har ikkje vore allverdens tilgang på nye oppdrag utover året. Mykje av oppdraga har også vore knytt opp mot knappe tidsfristar, så det har til tider vore travel. Dette har imidlertid ført til at 2011 ser ut til å bli eit år med rekordomsetning, med ei omsetning som nok vil overstige rekordåret 2009 da vi enda opp på 17,6 mill i omsetning.

– Derfor har vi god tru på at det skal bli eit greit årsresultat når vi får gjort oss ferdig med 2011. Skogkompaniet har i løpet av året investert i ei ny hogstmaskin, som nok er det tygste løftet. I tillegg er også noko av det andre utstyret skifta ut. I tillegg har dei leid inn ei buntemaskin for å lette handteringa av lauvtrevirket på ein effektiv måte. Denne maskina har vore i Skogkompaniets tjeneste omlag halve året, og skal no gjera seg ferdig med eit prosjekt på Kvernberget før oppdraget er avslutta.

Skogkompaniet har det siste året hatt oppdrag over heile Nordmøre. Det er rydda godt over hundre mil med offentlege vegar. I tillegg har firmaet årleg ryddeansvar for nærare 70 mil med veg i Romsdal. Han nevner også eit stort oppdrag i Surnadal, der dei har rydda langs elvebredda i Surna. Hensikten med dette er at ein skal unngå problema med isproppar når det er isgong i elva. Elles har dei eit lag på 4 i Nord-Trøndelag som driv med linjerydding akkurat no.

Det siste året har selskapet også hatt ei sterk auke i salg av konsulenttenester. Denne tenesta utgjorde til og med oktober ei tilleggsomsetning på heile 1,7 mill. Bruset fortel også at ordrereserven for neste år ser bra ut. Den reserven dei har i dag er på langt nær nok, men det vil nok kome til nye prosjekt utover vinteren. Dette er ein situasjon vi er vant til, og slik det ser ut akkurat no har vi god tru på at vi skal klare å fylle opp ordrebøkene etter kvart.

Publisert: 18. november 2011, 23:48