Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Klart for Hjortfest i kveld

Klart for Hjortfest i kveld

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. november 2011

Todalen.no var ein snartur innom Ungdomshuset i ettermiddag. Her var det pådekt og klart til å ta i mot gjestar, og på kjøkkenet var det full aktivitet med kveldens hovudrett som er viltgryte. Husby og Halla Jaktlag er vertskap, og festsjefane Lars Stensby og Nils Ove Bruset var opptekne ved grytene da vi var innom. Dei minnte på om at festa startar kl 20.00, og dei lovar at det skal bli plass åt alle. Det er ikkje noko førehandssalg eller bestilling av billettar. På programmet står lett underhaldning, utdelinga av Den Gyldne Patron og sjølvsagt blir det ein svingom med Perikom Light. Her finn du plakaten.

Publisert: 19. november 2011, 15:48