Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Webkamera ute av drift

Webkamera ute av drift

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. november 2011

Web-kameraet på Hjellnes har vore ute av drift sia 28. juli kl 12:55. Det viser ein regnfull dag i Todalen, og bildet kunne nok ha stemt med vêrforholda for fredag. Todalen.no var torsdag i kontakt med kundeservice på Svorka om problemet, og dei var klar over at det lenge har vore problem på Hjellnes. Vi vart lova at dei same dag skulle vurdere situasjonen og kome att med informasjon om kva som skulle skje, og når feilen kunne bli retta. Det har ikkje skjedd, og vi kan sikkert ikkje vente at det skjer noko før i neste veke. Vi kjem att  med info så snart vi veit noko meir.

Publisert: 19. november 2011, 00:07