Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Kjøp Jul på Nordmøre

Kjøp Jul på Nordmøre

Jon Olav Ørsal Måndag 21. november 2011

Ola og Eivind Bolme er ute på sin årlege salgsturnè med «Jul på Nordmøre». Dei kunne fortelje at dei dreiv provisjonssalg av juleheftet for å tjene litt ekstra no før jul. Dei har salgsansvaret for heile Todalen, og rekna med å bruke fleire kveldar for å nå heile marknadsområdet. Dei kunne også fortelje at dei skulle bruke sykkelen på nærområdet i første omgang, men at dei satsa på å leige skyss på resten. – Det er for langt å sykkel til Kårvatn og slike plassar, sa Eivind, og det må man være enig i.

Jul på Nordmøre 2011 er på 68 sider, og det er mykje godt og variert stoff som er presentert på ein fin måte og med mange fargebilete. Tilsaman er det over tretti artiklar og innslag frå lokale forfattarar, og frå Todalen er det ein artikkel om «Jul i Nestua på Hjellnes», som Siv Halle har skrive.

Jul på Nordmøre 2011 kostar kr 70, og er vel verdt å kjøpe. Ta vel imot salgskonsulentane når dei kjem på døra!

Publisert: 21. november 2011, 19:58