Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Den Gyldne Patron til Karen Johanne og Svein

Den Gyldne Patron til Karen Johanne og Svein

Jon Olav Ørsal Sundag 20. november 2011

Da festledar Lars Stensby kunne ønskje velkomen til Hjortfesta 2011 var det benka mellom nitti og hundre glade festdeltakarar rundt borda i Todalen Ungdomshus. Det var Todalen Idrettslag som hadde invitert sambygdingane til årets Hjortfest, medan Husby og Halle Jaktlag var vertskap. Tradisjon tru starta programmet med den lokale Jaktvisa som Jon Lunde er opphav til. Vidare vart det diska opp med velsmakande Jegergryte, som var servert med koka ris til.

Etter to runder med Jegergryte var det klart for kveldens høgdepunkt, nemleg utdeling av Den Gyldne Patron. Det er ein heiderspris som blir delt ut til nokon som har lagt ned ein ekstra frivillig innsats for det bygdasamfunnet, og blir delt ut på Hjorfesta kvart år. Denne gongen vart Den Gyldne Patron delt ut til Karen Johanne og Svein Talgø. Dei har vore aktive i det frivillige arbeidet i Todalen I.L. i alle år. Dei siste åra har dei i fellesskap bestyrt kiosken på Bordholmen, og vi har ikkje tal på kor mange liter bakelsrøre Karen Johanne har laga gjennom år. Dei to har møtt trufast opp i kiosken på Bordholmen, både på store og små arrangement. Vi i Todalen.no gratulerer med velfortjent heder.

Vidare var det tradisjoell konkurranse mellom jaktlaga. Det var lagt opp etter mønster frå QuizDan, med både seriøse og useriøse spørsmål knytta til jakta og til viltforvaltning generelt. Eit av spørsmåla var f.eks. kor mange hjortar som er felt i Noreg i løpet av eit år. Det er stigande og er no på  nærare 40.000. Til slutt var det Talgø/Kårvatn jaktlag som gikk til topps, og som vann premien som var sett opp.

Etter at programdelen var ferdig, vart det rigga opp til dans, der Perikom Light sørga for dansemusikk av ypperste klasse. Det sette publikum pris på og det var til tider stor aktivitet på dansegolvet.

Her finn du eit bildegalleri frå Hjortfesta 2011 – alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 20. november 2011, 11:10