Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Beredskapsmøte

Beredskapsmøte

Elinor Bolme Sundag 20. november 2011

Laurdag  arrangerte Indre Nordmøre Forsvarsforening temadag om beredskap i Sanitetshuset. Foredragshaldar var Anne-Lise Johnsen frå Eide. Ho er leiar for «Norske Kvinners Beredskap». Ho la i sitt foredrag vekt på viktigheita av beredskapsarbeid, og ikkje minst kom ho med mange ulike tips om det å vera beredt i kvardagen. Berre det å ha refleks i alle ytterjakkelommar er å vera i beredskap. Eller ha plaster i handveska og sekken når ein ute på tur.

Ellers fortalte Johnsen om psykisk helse, som er KFB sitt hovedsatsningsområde for både 2011 og 2012. Ho påpeika at det er vår eigen kommune vi lyt arbeida for å ha det bra, og at kvar og ein av oss lyt ha mot til å delta i beredskapsarbeidet med den kunnskapen ein har. 

Beredskap er no også komme inn på stortinget innunder justisdepartementet. Som leiar i INF, Olav Jostein Holten sa; beredskapen blir berre viktigare å viktigare då verdssamfunnet er i endring. Klimaet gjer at værsituasjonen er meir lunefull, og ikkje minst den aukande graden av sosial uro med til dømes aukande vald. Han var også litt forundra over det dårlege oppmøtet til møtet, då det kun var representantar frå Todalen Sanitetsforening og Indre Nordmøre Forsvarsforening som avsåg 1,5 time til eit interessant møte.

Publisert: 20. november 2011, 21:30