Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 8544 artiklar i dette arkivet.


Kva er dette?

Kva er dette?

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. oktober 2011

I kaffekroken på ICA Todalen legg det ein «dings» som vi ikkje kunne identifisere. Er det nokon som veit kva dette er, og kva det er tenkt bruka til? Dersom du dreg kjensel på dette, så gi oss eit vink om kva du trur det er, og send svar til vår e-post på red@todalen.no.


Loddsalg for aldersheimen

Loddsalg for aldersheimen

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. oktober 2011

Neste søndag, 30. oktober, er det basar på Stangvik aldersheim i pårørandeforeningas regi. Førehandssalget av lodd har allereie starta, og laurdag formiddag og litt utover dagen var Ingri Buset og Steinar Gjeldnes på plass på ICA Todalen med loddboka. Pengane dei får inn på basaren skal gå til trivselstiltak for bebuarane på aldersheimen. Vi oppfordrar […]


Godt med besøk

Godt med besøk

Elinor Bolme Fredag 21. oktober 2011

I går kveld opna biblioteket dørene for ein aktivitetskveld på skule biblioteket. Her var både høgtlesning, quiz og litt orientering om korleis ein kan leite fram ulike bøker både på nett og i katalogar. Britt Mossing orienterte nokre av dei frammøtte om kvar dei kunne finne forskjellige bøker. Her viste ho korleis ein kan søke […]

Les heile saka

«Aas – Det Glade Galleri» hos Elisabeth

«Aas – Det Glade Galleri» hos Elisabeth

Jon Olav Ørsal Torsdag 20. oktober 2011

Elisabeth Aas er «hyttetodaling» med eige kunstgalleri i Trondheim. Torsdag var det nyopning med nytt namn og nytt konsept. Det som tidlegare var «Elisabeths Atelier» heiter no «AAS – Det Glade Galleri», men adressa er framleis den same – Dronningens gt 48 i Trondheim. Torsdag var det stor ståhei og mykje folk, med servering av tapas og god stemning i galleriet, der ho driv salg av både eigen kunst og kunst frå gjesteutstillarar. no har ho utvida utvalet og stiller også ut keramikk og glaskunst i tillegg til biletkunst.

Les heile saka

Talgø med storsatsing på Bygg Reis Deg 2011

Talgø med storsatsing på Bygg Reis Deg 2011

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. oktober 2011

Onsdag opna bygg- og boligmessa «Bygg Reis Deg 2011» på Norges Varemesse på Lillestrøm. Messa er både fagmesse og er opa for publikum, og hit kjem nok dei fleste som driv med byggevarer og innredning for å vise seg fram og for å sjå kva bransjen har å by på. Talgø satsar stort på denne messa, og vil vise fram Talgøkonsernet i full bredde på ein stand på rundt 300 m2; – ein av dei største utstillingane på heile messa. Arrangøren ventar at heile 50.000 besøkande vil kome til messa, derav rundt 40.000 fagfolk.

Les heile saka

Amerikansk skiveteran frå Stangvika

Amerikansk skiveteran frå Stangvika

Borghild Betten Talgø Tysdag 18. oktober 2011

Måndag denne veka kom Svein Sæter på besøk hit på aldersheimen uti Stangvika. Han hadde med seg bilete og mykje kunnskap om Olaus Jeldness (Gjeldnes før han flytta). Han Olaus kom frå Trøen her i Stangvik, der voks han opp i lag med 7 sysken. Heile syskenflokken emigrerte til Amerika og Canada. Olaus kom til Canada som gruvearbeidar i 1880 åra og vart til slutt sjef for gruva. Han grunnla byen Red Mountain der og vart ein svært viktig mann.

Les heile saka

Bokkveld på torsdag

Bokkveld på torsdag

Elinor Bolme Tysdag 18. oktober 2011

Torsdag kveld arrangerer biblioteket og FAU ved Todalen Oppvekstsenter bokkveld for alle interesserte i Todalen og omegn. Her blir det quiz, høgtlesning, enkel servering og ellers høve til å gjere seg kjent med biblioteket på skulen.

Les heile saka

Herretrim

Herretrim

Elinor Bolme Måndag 17. oktober 2011

Førstlkommende onsdag startar herretrimmen oppatt. Dei ønker alle over konfirmaasjonsalder og oppover til fartsfylt mosjon ved Todalen skule frå 20 til 21.30. Primus motorar er Knut Jarle Bergli og Dan Roger Pedersen. Så her er det berre å blese støvet av gymskoa og ankelstøtta og driste seg i veg. På eige ansvar.

Les heile saka

Stor byggeaktivitet i Sollifeltet

Stor byggeaktivitet i Sollifeltet

Sverre Kjølstad Måndag 17. oktober 2011

For tiden er det stor byggeaktivitet i Sollifeltet på Nordvik. Ingar Waag holder på med et påbygg for å få campingvogna i hus, og Andreas Bele Sæterbø holder på med ny enebolig. Sistnevnte bygger utenom det kommunale boligfeltet, og benytter tomta der Johanna og Harry Skarvøy bodde, nemlig Nordvikjelen. Dette har sin årsak i at Andreas er samboer med Marit Gjeldnes, dotter til Randi og Per Gjeldnes.

Les heile saka

Elgfall på Halla

Elgfall på Halla

Jon Olav Ørsal Måndag 17. oktober 2011

Elgfall er ikkje kvardagskost på Halla, men søndag vart det like fullt ein elgkalv som måtte bøte med livet. Søndag var det fint jaktvær, og jaginga i Seterlia (innafor Romåa) ga ein elgkalv som resultat. Det skjedde i området ved Litjlia, fortel Lars Stensby som er formann i Halle og Husby Jaktlag. Tidlegare i jakta har laget felt fleire hjortar, men elg er ikkje kvardagskost i dei bratte liene på Halla. Det er feire år sidan dei siste felte elg, fortel Lars.

Les heile saka

Går i land for i år…

Går i land for i år…

Jon Olav Ørsal Sundag 16. oktober 2011

Båtsesongen går mot slutten, og Finn Ranes og Olav Kvendset har bruka søndagen til å ta på land familiens to båtar. Nå står det berre att  litt pussing og reingjering, så er det klart for vinteropplag. Så er det berre å vente, og gle seg til ein ny sesong og ny sommar på sjøen. For eigen […]


Strikker for premature

Strikker for premature

Elinor Bolme Sundag 16. oktober 2011

Strikkekaffeen som jamnleg møtes i Sanitetshuset på laurdagar har engasjert seg i strikking for fortidlegfødte barn. Dei har kasta seg med på «Amandaprosjektet». Dette er eit prosjekt starta av eit foreldrepar som hadde ei lita dotter som levde så og seie heile sitt liv på nyfødt/barne intensiven på Rikshospitalet. Her produserer dei bittesmå sokkar, luer og tepper, som er planlagt å leverast på nyfødtavdelinga ved St. Olav i Trondheim. Dei engasjerte damene presiserer at det slettes ikkje er nødvendig å møte opp i sanitetshuset. Ein kan delta i prosjektet uavhengig fra kvar ein er. Tanken var å kunne levere ei ladning til jul.

Les heile saka