Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Amerikansk skiveteran frå Stangvika

Amerikansk skiveteran frå Stangvika

Borghild Betten Talgø Tysdag 18. oktober 2011

Måndag denne veka kom Svein Sæter på besøk hit på aldersheimen uti Stangvika. Han hadde med seg bilete og mykje kunnskap om Olaus Jeldness (Gjeldnes før han flytta). Han Olaus kom frå Trøen her i Stangvik, der voks han opp i lag med 7 sysken. Heile syskenflokken emigrerte til Amerika og Canada. Olaus kom til Canada som gruvearbeidar i 1880 åra og vart til slutt sjef for gruva. Han grunnla byen Red Mountain der og vart ein svært viktig mann.

Skikongen Olaus Jeldness dreiv stort med ski og lærde bort dette til folket der. No er ei statue i full storleik i bronse under oppføring i byen der. Ein delegasjon frå Norge, og kanskje ein frå Stangvik, skal over for å vera med på avdukinga. Dette får vi sikkert høyre meir om. Svein fekk helse på eldre stangvikgardingar og andre som var eit lydhørt publikum. Slike treff som dette er stort og godt påfyll i kvardagen vår på aldersheimen. Takk skal du ha, Svein!

Publisert: 18. oktober 2011, 20:00