Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Elgfall på Halla

Elgfall på Halla

Jon Olav Ørsal Måndag 17. oktober 2011

Elgfall er ikkje kvardagskost på Halla, men søndag vart det like fullt ein elgkalv som måtte bøte med livet. Søndag var det fint jaktvær, og jaginga i Seterlia (innafor Romåa) ga ein elgkalv som resultat. Det skjedde i området ved Litjlia, fortel Lars Stensby som er formann i Halle og Husby Jaktlag. Tidlegare i jakta har laget felt fleire hjortar, men elg er ikkje kvardagskost i dei bratte liene på Halla. Det er feire år sidan dei siste felte elg, fortel Lars.

Det ryktes at det er felt fleire dyr rundt bygda i helga, men vi kjenner ikkje detaljane.  Men hittil i år har det vore jamt bra uttelling for alle laga, og det tyder på at det er bra med hjortedyr i Todalen. Vi får ta ei oppsummering når sesongen er over, før vi benkar oss til Hjortfest i Ungdomshuset laurdag 19. november. Men det kan skje mykje før den tid, så send oss gjerne bilde frå jakta som vi kan vise på Todalen.no.

Først publisert: 17. oktober 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 16. oktober 2011, 23:35