Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 8544 artiklar i dette arkivet.


Mammografitur

Mammografitur

Elinor Bolme Torsdag 3. november 2011

Todalen Sanitetsforening ønsker å minne på att om turen til mammografi og/eller osteoporosemåling (beinskjør) i Kristiansund laurdag 12.november. Det vil  bli kjøyrd utover i privatbilar. Påmelding rettast til Kari Kvendset tlf. 71 66 38 81 / 92 84 48 42 før 7.november. Her er det inga aldresgrense for å vera med, då det heller er inga […]

Les heile saka

Vangsgutane er i rute

Vangsgutane er i rute

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. november 2011

Vangsgutane for 2011 er på plass i butikkhyllene. I Todalen finn du dei i hyllene hos ICA Todalen, som har en stor bunke med årets utgåve klare til salg. I Surnadal finn du dei også hos Narvesen i Amfisentret. Vangsgutane har i årets utgåve to seksjonar, ein som er nyskreven og har er ei historie frå krigens dager som heiter «Gris på rømmen». Den andre delen er opptrykk frå 1964 og skal på ein måte markere Vangsgutanes 70-årsjubileum. Tilsaman er det 36 sider fornøyeleg lesnad.

Les heile saka

November starta med sommartemperatur

November starta med sommartemperatur

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. november 2011

Det vart tysdag ein fin start på november, med temperaturar langt over det normale. Jon bruset på Småhjellå er vår «referansestasjon» når det gjeld registrering av minimum- og maksimumtemperaturar dei siste 20 år. Hos Jon var det målt maksimumstemperatur på 13,8 grader natt til tysdag og utover dagen har det berre gått oppover. Underteikna kunne i tidleg tysdag kveld registrere 17,9 grader og kanskje er det andre plassar det har vore enda høgare temperaturar.

Les heile saka

Akset – fritidsbolig til salgs

Akset – fritidsbolig til salgs

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. november 2011

Det er ikkje så ofte at det er boliger/fritidsboliger til salgs i Todalen , men akkurat no ligg Akset ute for salg. Det er eit lite bolighus, men sist bruka som fritidsbolig og lokalisert til Ørsalbukta mellom Asphaugen og Ørmo. Eigedomen er lagt ut på Finn.no, og der blir det opplyst at det er eit […]


Oppgradering ved Ansnessaga

Oppgradering ved Ansnessaga

Elinor Bolme Tysdag 1. november 2011

I dag var det oppstart i oppgraderingsarbeidet ved MøreTre sitt anlegg i Todalen, også kalla Ansnessaga. Der skulle det gamle overbygget der laften kjem ut frå saga fjernast, då det hadde sett betre tider og nerma seg forfall. Manskapet der ute hadde bestillt assistanse frå Erling Søyset med kranbil for å løfta det vekk. Karane starta arbeidet med å feste stroppane, slik at det berre var å laustna heile taket frå pillarane med motorsag. Slik fekk dei fjerna alt i eit løft. Frå dei festa den første stroppa til heile taket sto ved sida av til slutt tok det ca 30 minutt, i underkant av kva dei hadde trudd før dei starta.

Les heile saka

Dyktige 4H’arar

Dyktige 4H’arar

Elinor Bolme Måndag 31. oktober 2011

Heile 23 prosjekt vart stilte ut og fekk godkjent etter ein lang innspurt mot målet i går kveld då Start 4H inviterte til den årlege haustfesten. I år var et to stykker som avslutta etter vel 10 år som aktiv 4H’ar, og dermed blir invitert til årsmøtet til Møre og Romsdal 4H for å motta den ettertrakta plaketten. Desse to var Jan Eilert Pedersen og Endre Talgø. Som alltid får dei ulike klubbane besøk frå fylkeskontoret i 4H til å dela ut dei ulike merka, og i år som i fjor fekk Start besøk av Torill Sandnes. Ho skrytte av utstillingane, og ikkje minst av fritidsklubben som blir dreve av 4H.

Les heile saka

Dugnad i småbåthavna lørdag 5. november

Dugnad i småbåthavna lørdag 5. november

Jon Olav Ørsal Måndag 31. oktober 2011

Fra Lars Stensby i Todalen småbåtforening har vi fått melding om dugnad førstkommende lørdag. Han skriver i e-post til Todalen.no: «Båtforeningen skal ha dugnad i havna lørdag 5 november. Bryggeanlegget trekker på årene(!) og vi skal nå ta opp to seksjoner av bryggen for vedlikehold. Bryggene skal rives og trematerialene kasseres. Pontongene skal legges til tørk i vinter.

Les heile saka

38.000 kom inn på basaren!

38.000 kom inn på basaren!

Jon Olav Ørsal Måndag 31. oktober 2011

Søndag kveld hadde Pårørendeforeninga ved Stangvik Aldersheim  basar på aldersheimen. Det kom inn heile kr. 38.000, og  dei er kjempeglade for det gode resultatet. Pengane kjem godt med og vil bli bruka til det beste for bebuarane. Foreninga rettar stor takk til alle som støtta med å kjøpe lodd. Stor takk også til dei som var loddselgarar […]


Invitasjon til informasjonsmøte om fjellfiske i Trollheimen

Invitasjon til informasjonsmøte om fjellfiske i Trollheimen

Jon Olav Ørsal Måndag 31. oktober 2011

Opplev Trollheimen inviterer til møte om fjellfiske på Vårsøg hotell tirsdag 1. november kl 19.30.  Opplev Trollheimen har arbeidet med mulighetene for fiske i fjellvann i Trollheimen det siste halvåret. Opplev trollheimen har et mål om at det skal bli lettere for folk å få tak i fiskekort og at grunneierne kan øke sine inntekter fra […]


Årsmøte i Surnadal Senterparti

Årsmøte i Surnadal Senterparti

Jon Olav Ørsal Måndag 31. oktober 2011

Det vil bli holdt årsmøte i Surnadal Senterparti torsdag 3. november i Sagatun, Øvre Surnadal. Vanlige årsmøte saker. Saker som ønskes tatt opp på årsmøte meddeles leder Einar Grønnes, innen 1. november. Ønsker gamle og nye medlemmer velkommen på årsmøte.  Styret.


Avslutta sesongen med rekorddeltaking…

Avslutta sesongen med rekorddeltaking…

Vidar Sogge Sundag 30. oktober 2011

Torsdag 26. oktober avslutta Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag 2011-sesongen med heile 51 deltakarar, også denne gongen i fint ver og strålande sol. Leiar i Surnadal pensjonistlag, Johs. Vaag, var møtt fram og gav blomster til styret i Stavganggruppa før vi la ut på tur. Medan ein del sikta seg inn mot Kvennaåsen, tok andre turen etter gammelvegen i retning Stangvika.

Les heile saka

«Spesialtransport» på dugnad

«Spesialtransport» på dugnad

Jon Olav Ørsal Laurdag 29. oktober 2011

Husby vasslag er igang med renovering av deler av vassverket. Denne gongen var det ny inntakskum som skulle på plass ved inntaket der Berje-elva renn ut i Lauvåa (ca 250 m.o.h.). Tidlegare er det støpt fundament for sjølve inntakskummen. Den er laga i rustritt stål og naturleg nok litt tung å handtere. Med traktorskyss den første biten, gikk det bra å frakte den opp til Geitabrua og nedatt til inntaket med handmakt. No er det rørleggararbeid som står att før inntaket er ferdig.

Les heile saka