Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Dyktige 4H’arar

Dyktige 4H’arar

Elinor Bolme Måndag 31. oktober 2011

Heile 23 prosjekt vart stilte ut og fekk godkjent etter ein lang innspurt mot målet i går kveld då Start 4H inviterte til den årlege haustfesten. I år var et to stykker som avslutta etter vel 10 år som aktiv 4H’ar, og dermed blir invitert til årsmøtet til Møre og Romsdal 4H for å motta den ettertrakta plaketten. Desse to var Jan Eilert Pedersen og Endre Talgø. Som alltid får dei ulike klubbane besøk frå fylkeskontoret i 4H til å dela ut dei ulike merka, og i år som i fjor fekk Start besøk av Torill Sandnes. Ho skrytte av utstillingane, og ikkje minst av fritidsklubben som blir dreve av 4H.

Men alt hende ikkje på haustfesten; fredag kveld var det årsmøte, der valg av nytt styre sto på saklista. Det nye styret ser etter årsmøtet slik ut: Marte Talgø (leiar), Tore Talgø (nestleiar), Thea Saksen Ulvund (skrivar), Kristine Svinvik (kasserar), Ivar Waag (styremedlem) og Inga Husby (styremedlem). På rådgjevarsida vart det og utskiftningar. Der går underteikna og Håvard Halset ut, medan Hanne Waag kjem inn som ny.

Etter årsmøtet fortsette 4H’arane med Halloweenfest, der høg hårfargefaktor var eit sentralt tema.

Under er mange bileter både frå haustfesten og årsmøtet. Foto: hovedsakleg Jon Olav Ørsal og nokre få av Elinor Bolme.

Publisert: 31. oktober 2011, 21:40