Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 8574 artiklar i dette arkivet.


Oppdatering av lag og organisasjonar

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. november 2011

På Trollheimsporten held dei på og oppdater lista over lag og organissasjonar, og i ein e-post til Todalen.no skriv Norunn Holten: «På Trollheimsporten held vi på å oppdatere lista over lag og organisasjonar i kommunen. Det er veldig viktig at alle organisasjonar står oppførte her med oppdaterte og korrekte opplysningar. Denne lista blir nemleg også bruka av Surnadal kommune når dei skal orientere organisasjonane om noko eller sende saker ut på høyring. Dersom laget ditt ikkje er med, eller det står oppført feil kontaktperson, kan du risikere å ikkje bli med når viktige avgjerder skal takast.


Ingen skader etter «Berit» i Todalen

Ingen skader etter «Berit» i Todalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. november 2011

Ein rask fotorunde i «flomålet» bekreftar at det ikkje har vore nevneverdige skadar etter stormfloa rundt midnatt.  Ein kan mange plassar sjå kor høg vannstanden har vore på flostrengen som ligg att. Bilda er tekne mellom 10 og 11 laurdag føremiddag, og flostrengen viser at vannstanden har vore omlag ein halv meter høgare i løpet […]

Les heile saka

Sandstad Terrasse

Sandstad Terrasse

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. november 2011

På Sandstad foregår det ei total renovering av huset. Inne har det vorte 3 familieleiligheter som er på det neraste ferdig. Den siste tida har arbeidet foregått utvendig, der det er lagt ny Royal-kledning på ytterveggen og sett inn nye glas. På framsida mot Utigardsøyann bygges det no ny terasse. Fredag var byggherre Gudmund Kvendset og Odd Magne Haugen frå Byggefirma Olav Haugen i innspurten for å få terrassen ferdig før stormen «Berit» sette inn.

Les heile saka

Stormflo – verre til natta?

Stormflo – verre til natta?

Jon Olav Ørsal Fredag 25. november 2011

Fredag formiddag var det var det tendens til stormflo. Rundt 11-tida var floa på topp, og da var den godt over normal, men til natta er det meldt om stormflo med vannstand inntil 110 cm over normalen. Todalen.no tok en fotorunde i formiddag, ca 1 time etter at floa var på topp. «

Les heile saka

Ekstremvær: Kjem «Berit» innover?

Ekstremvær: Kjem «Berit» innover?

Jon Olav Ørsal Fredag 25. november 2011

Det er meldt ekstremvêr på strekninga Møre og Romsadal til Lofoten i kveld og natt.  Meldinga går ut på sterk storm på kysten, med sørvestleg vindretning. Her i Todalen går meldingane ut på vind opp til 6-7 m/s, så «Berit» reiser vel forbi utmed kysten. Men det lønner seg nok å følgje med på vêrmeldinga utover […]


Historielaget: Lanserer årsskrift for 2011

Historielaget: Lanserer årsskrift for 2011

Jon Olav Ørsal Fredag 25. november 2011

Det nye årsskriftet er klart for å leggjast ut for salg. Det skjer søndag 27. november, mellom 12.30 og 15.30 i Todalen Ungdomshus. I tilknyting til lanseringa er det laga ei lita utstilling med måleri, akvarellar og teikningar som Margrete Halle Anthonsen (Skogly) har laga. Det vil også bli vist smalfilm fra midten av 60-talet. Det er Anders Talgø som vil vise gamle opptak som er gjort av Magnor Haltbakk.

Les heile saka

Linjerydding på 132kV’n

Linjerydding på 132kV’n

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. november 2011

I haust har det pågått linjerydding av 132 kW-linja som går mellom Sunndalsøra og Trollheim kraftverk i Øvre Surnadal. Det er Siv og Bjørn Halle som gjennom Allskog har avtale med Statnett om rydding av linja. Onsdag passerte dei to Talgø-fabrikken med motorsag, og gjorde reint bord i krattskogen mellom fabrikken og sjøen. Dermed vart det igjen utsikt mot sjøen fra fabrikklokala.

Les heile saka

G16 – avslutning med tid for ros

G16 – avslutning med tid for ros

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. november 2011

Onsdag kveld var det avslutningskveld etter årets sesong for G16 i Todalen ungdomshus. Da var det tid for oppsummering og for å gje ros for det som har skjedd gjennom sesongen, både på og utafor banen. Med eit stort trettital til bords gikk pizzaen ned på høgkant, og etterpå viste oppmann Knut Haugen ein filmkavalkade med årets høgdepunkt i ein kort film. Laget har hatt ein stall med 21 spelarar, og vart denne sesongen nr 7 i 1. divisjon for G16 i Møre og Romsdal etter ein litt svak haustsesong.

Les heile saka

Todalen Historielag med nytt årsskrift

Todalen Historielag med nytt årsskrift

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. november 2011

Søndag 27. november er det klart for premiere for historielagets årsskrift for 2011. Det skjer i Todalen ungdomshus, mellom kl 12.30 og 16.30. Da blir det lagt ut for salg, og du som er medlem kan hente årsskriftet som er inkludert i medlemskapet. Det er mykje gammel og ny todalshistorie i årets utgåve, der lokale […]


Vellukka med solidaritet

Vellukka med solidaritet

Elinor Bolme Tysdag 22. november 2011

Mesta fullsatt sal med forventningsfulle ungar og kjøpelystne foreldre og besteforeldre gjorde sitt til at Todalen Oppvekstsenter sin solidaritetskveld vart ein liten suksess. Skulen har den siste tida hatt undervisning om Nicaragua og inviterte difor til solidaritetskveld for å vise fram det dei hadde lært og ikkje minst laga. For ungane på både skule og barnehage hadde i fleire veker førebudd seg på denne kvelden med produksjon av lyslykter, såper, lys, fat og juletrekuler for å nemna noko.

Les heile saka

Torstein med julkonsertpremiere i Grieghallen

Torstein med julkonsertpremiere i Grieghallen

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. november 2011

Sist helg braka det løs med premiere på MGPjr julekonsert der Torstein Snekvik er en av deltagerne. Malin Reitan (vinner 2005) Jørgen Dahl Moe (vinner 2009) og Alexandra Rotan (superfinalist 2010) er de andre som er med i det 1,5 timer lange showet. Lokalt er det konsert i Kristiansund 2. desember og i Molde 3.desember.

Les heile saka

Kjøp Jul på Nordmøre

Kjøp Jul på Nordmøre

Jon Olav Ørsal Måndag 21. november 2011

Ola og Eivind Bolme er ute på sin årlege salgsturnè med «Jul på Nordmøre». Dei kunne fortelje at dei dreiv provisjonssalg av juleheftet for å tjene litt ekstra no før jul. Dei har salgsansvaret for heile Todalen, og rekna med å bruke fleire kveldar for å nå heile marknadsområdet. Dei kunne også fortelje at dei skulle bruke sykkelen på nærområdet i første omgang, men at dei satsa på å leige skyss på resten. Det er for langt å sykkel til Kårvatn og slike plassar, sa Eivind, og det må man være enig i.

Les heile saka