Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Historielaget: Lanserer årsskrift for 2011

Historielaget: Lanserer årsskrift for 2011

Jon Olav Ørsal Fredag 25. november 2011

Det nye årsskriftet er klart for å leggjast ut for salg. Det skjer søndag 27. november, mellom 12.30 og 15.30 i Todalen Ungdomshus. I tilknyting til lanseringa er det laga ei lita utstilling med måleri, akvarellar og teikningar som Margrete Halle Anthonsen (Skogly) har laga. Det vil også bli vist smalfilm fra midten av 60-talet. Det er Anders Talgø som vil vise gamle opptak som er gjort av Magnor Haltbakk.

Mellom anna får vi sjå film frå ein biltur over Nordmarka, matinga av hjort i Østbødalen og opptak frå ein skikkeleg snøvinter på Kårvatn. I tillegg er det opptak frå gaupejakt på Kvenna og frå konfirmasjon i Tydalen kyrkje, der det var heile 14 konfirmantar. Elles blir det fleire lokale småglimt frå Todalen.  Her kan du laste ned oppdatert plakat.

Todalen historielag ønskjer alle velkomne til ungdomshuset til lanseringa av det nye årsskriftet, og byr på kaffe og litt å bita i.

Først publisert: 25. november 2011, 08:00 - Sist oppdatert: 27. november 2011, 18:24