Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Sandstad Terrasse

Sandstad Terrasse

Jon Olav Ørsal Laurdag 26. november 2011

På Sandstad foregår det ei total renovering av huset. Inne har det vorte 3 familieleiligheter som er på det neraste ferdig. Den siste tida har arbeidet foregått utvendig, der det er lagt ny Royal-kledning på ytterveggen og sett inn nye glas. På framsida mot Utigardsøyann  bygges det no ny terasse. Fredag var byggherre Gudmund Kvendset og Odd Magne Haugen frå Byggefirma Olav Haugen i innspurten for å få terrassen ferdig før stormen «Berit» sette inn.

Lokala innafor terrassen var Sandstad kafe i gamle dagar. Eit kjært samlingspunkt for ungdomane i Todalen gjennom ei årrekkje, og med Jenny Kvendset tålmodig attafor disken som det var mykje godteri i. Kanskje det er ein tanke å starte på igjen, og bruke terrassen til uteservering?

Først publisert: 26. november 2011, 06:00 - Sist oppdatert: 25. november 2011, 20:59