Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Linjerydding på 132kV’n

Linjerydding på 132kV’n

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. november 2011

I haust har det pågått linjerydding av 132 kV-linja som går mellom Sunndalsøra og Trollheim kraftverk i Øvre Surnadal. Det er Siv og Bjørn Halle som gjennom Allskog har avtale med Statnett om rydding av linja. Onsdag passerte dei to Talgø-fabrikken med motorsag, og gjorde reint bord i krattskogen mellom fabrikken og  sjøen. Dermed vart det igjen utsikt mot sjøen fra fabrikklokala.

Litt uvanleg er det kanskje at du finn damer med motorsag i arbeid med linjerydding. Siv har i sommar og i haust jobba saman med faren Bjørn på linjerydding, og trives godt med det. Etter 4 år på Gjermundnes med agronom- og naturforvaltarutdanning tykkjer ho det er greit å få litt praksis etter all teorien. Dei to skal no rydde linja opp til skoggrensa mot Ørsalfjellet før dei gir seg, og dei håpar at dei blir ferdig før snøen kjem!

Publisert: 24. november 2011, 06:00