Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
November starta med sommartemperatur

November starta med sommartemperatur

Jon Olav Ørsal Tysdag 1. november 2011

Det vart tysdag ein fin start på november, med temperaturar langt over det normale. Jon Bruset på Småhjellå er vår «referansestasjon» når det gjeld registrering av minimum- og maksimumtemperaturar dei siste 20 år. Hos Jon var det målt maksimumstemperatur på 13,8 grader natt til tysdag og utover dagen har det berre gått oppover. Underteikna kunne i tidleg tysdag kveld registrere 17,9 grader og kanskje er det andre plassar det har vore enda høgare temperaturar.

Dei høgaste novebertemperaturane Jon har registrert sidan 1990, er er +20, 8 den 6. noveber i 2003, elles var det +18,7  i 2005 og +17,2 i 1999.  Kaldaste november han har registrert, var i fjor (2010), da dei fleste dagane hadde frost. I November 2010 var det faktisk 7 dagar det var registrert tosifra tal med kuldegrader. Vi får berre håpe at det ikkje blir slik i år!

Vêret dei neste dagane kan du sjå ved å klikke på linken til yr.no

Publisert: 1. november 2011, 22:00