Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Godt med besøk

Godt med besøk

Elinor Bolme Fredag 21. oktober 2011

I går kveld opna biblioteket dørene for ein aktivitetskveld på skule biblioteket. Her var både høgtlesning, quiz og litt orientering om korleis ein kan leite fram ulike bøker både på nett og i katalogar.

Britt Mossing orienterte nokre av dei frammøtte om kvar dei kunne finne forskjellige bøker. Her viste ho korleis ein kan søke etter ulike kategoriar/sjangrar for å finne akkurat den boka ein kunne tenkt seg å lesa i.

          

Dordi Jorunn og Ragna las for ein lydhøyr gjeng.

Ellers var det naturlegvis også høve for litt forfriskningar. Her er det Nils Erik, Ylva Synnøve, Nora, Karoline og Maria som fyller på.

Publisert: 21. oktober 2011, 18:06