Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Talgø med storsatsing på Bygg Reis Deg 2011

Talgø med storsatsing på Bygg Reis Deg 2011

Jon Olav Ørsal Onsdag 19. oktober 2011

Onsdag opna bygg- og boligmessa «Bygg Reis Deg 2011» på Norges Varemesse på Lillestrøm. Messa er både fagmesse og er opa for publikum, og hit kjem nok dei fleste som driv med byggevarer og innredning for å vise seg fram og for å sjå kva bransjen har å by på.  Talgø satsar stort på denne messa, og vil vise fram Talgøkonsernet i full bredde på ein stand på rundt 300 m2; – ein av dei største utstillingane på heile messa.  Arrangøren ventar at heile 50.000 besøkande vil kome til messa, derav rundt 40.000 fagfolk.

Talgø nyttar også høvet til å presentere fleire nyheiter på messa, og er nok godt synleg ved inngangen til hall D (stand nr 03-40).  Mellom nyheitene er Talgø Vision, som er eit nytt og eksklusivt veggpanel, samt fritt fargevalg på veggpanel dei allereie har i kolleksjonen. Her kjem også fleire nye standardfarger i tillegg til dei som finns i dag.

2012-kolleksjonen for Talgø OutLiving hagekonsept vert også presentert. Dette er mellom anna MøreRoyal-produkt for terrassar og hagar, med tilhørande utstyr som hagemøblar, stakitt og gjerde osv.

Men den største nyheita i Talgø-kolleksjonen er nok dører frå Trenor, som blir vist sammen med Talgø på messe for første gong. Her blir det vist både inner- og ytterdører frå frå Bindalsbruket på Terråk.

Bygg Reis Deg 2011 opna som sagt onsdag 19. oktober, og går fram til søndag 23. oktober. Opningstida er torsdag og fredag 10-19 og laurdag og søndag 10-18.  På heimesida til Bygg Reis deg 2011 finn du meir info om opningstid og adkomst.

Klikk for å finne meir info om Talgø Vision og Talgø OutLiving, eller nettsiden til Talgøkonsernet.

No finn du fleire bilde frå Talgø sin stand på Bygg reis Deg 2011.   Alle foto: Heid Snekvik

Først publisert: 19. oktober 2011, 21:00 - Sist oppdatert: 20. oktober 2011, 19:51