Diabetesforbundet takkar!!
Kvart år gir Todalen IL alle pengane frå løpskontigenten frå mosjonsløpet «Ræta opp» til eit veldedig formål. I år gjekk inntektene på vel 10 000 kroner til Diabetesforbundet barn/foreldre i Sør Trøndelag og Diabetesforbundet i Surnadal, Rindal og Halsa. I den anledning har todalen.no motteke ein takke-epost frå Rigmor Torset frå diabetesforbundet i Trondheim som vi ønsker å formidle både til ære for initiativtakarar og deltakarar!