Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eldremiddagen startar på igjen…

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. januar 2015

Eldremiddagen har har «ferie» sia lenge før jul, men no startar dei på igjen med ein ny sesong. Det skjer onsdag 21. og onsdag 28. januar til vanleg tid kl 13.00. Menyen er ikkje klar enno, men det blir god og heimlaga mat, fortel Reidun Østvik på telefon til Todalen.no.

Styret i Eldremiddagen har heile hausten jobba med å skaffe eit kokkelag til, men har ikkje lukkast med det, så langt. Dei har derfor teke avgjerda om å arrangere eldremiddag kvar 14. dag frå februar. Dermed blir første eldremiddag i februar onsdag den 11. og den den andre blir 14 dager deretter den 25. Den eine av onsdagane i februar er det planlagt at det skal bli feittysdagsmeny. Dei same dagtala blir det også i mars, med onsdagane 11. og 25.

Først publisert: 15. januar 2015, 23:38 - Sist oppdatert: 16. januar 2015, 00:59