Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mildare utover dagen, men så kaldare igjen

Jon Olav Ørsal Fredag 23. januar 2015

Siste natt har nok sett kulderekord for 2015 – mesta 10 kuldegrader som minimumstemperatur her, men sikkert kaldare enkelte plassar rund omkring i bygda. Utover dagen er det meldt mildare vêr, og til kvelden får vi nok raude tal med varmegrader dersom yr.no får rett.

Gjennom helga og utover veka blir det først noko mildvêr, og kanskje til og med litt nedbør, før det blir kaldt igjen frå torsdag og utover. Generelt er det mykje is – spesielt på alle gardsvegar. Isen er hard og glatt, – polert av vinden dei siste dagane, så det lønner seg nok å være raus med bruken av strøsand.

 

Publisert: 23. januar 2015, 10:11