Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ettermiddagskaffe: – Gamle ord og uttrykk blir tema

Jon Olav Ørsal Fredag 23. januar 2015

Søndag ettermiddag – nærare bestemt kl 14.00 – inviterer Todalen historielag til ettermiddagskaffe i Todalen ungdomshus. Det har etter kvart vorte tradisjon med eit slikt arrangement, som har stor oppslutning. Hovudtema på årets arrangement er gamle ord og uttrykk, og Gunnvald Bøe frå Bøfjord Historielag er leid inn som kåsør, og vi trur dette blir interessant for mange!

Vi har innhenta litt bakgrunnsstoff om Gunnvald frå broren Bernt, som beskriv han slik:

«Gunnvald Bøe er fødd 28. januar 1951 (den dagen Hjallis øydela skeisa si, da han vart blenda av ein fotograf…) Han vaks opp på Bølandet som nr. 4 av 8 søsken. Etter barneskule (på ein liten skule i Bøfjorden; «der ingen skulle tru at nokon kunne lære eller bli noko som helst …»), ungdomsskule, gymnas (Kr.sund) og ei tids militær karriere, tok han høgskuleutdanning i pedagogikk og vart cand.philol – med hovudfag i norsk (oppgåve om namna på båtar – utstyr/byggemåte, etc.). Storparten av yrkeslivet har han vore lektor ved Melhus vdg. skule. I fjor vart han pensjonist.

Vel er han «skåp-trønder» og har framleis verv og lagsoppgåver i Sør-Trøndelag. Men bøfjording har han alltid vore – og ivrar for kulturen her. Kasserar i Bøfjorden Historielag i mange år (og framleis). Har vore «helgapendlar» til sjøbruksmuseet kvar sommar i 20 år.

Han er habil skribent, lagar mange presseartiklar – og held ofte kåseri / foredrag om språklege og historiske emne. Særleg er han oppteken av «etymologi» – dvs. læra om bakgrunnen for orda/språket vårt og korleis dei/det har utvikla seg.»

Etterpå går turen «STORRUNDT». Historielaget viser lysbilete av folk og hus frå lagets arkiv.  – Start på Nordvik, inn bygda på nordsida, over Brusetbrua til Kårvatn, nedatt sørsida t.o.m. Ansneset. Her får vi sjå mange godbitar! Og sjølvsagt – det blir servering av kaker, graut og bakels og litt utlodding.

Alle er velkomne!

 

 

Først publisert: 23. januar 2015, 21:00 - Sist oppdatert: 24. januar 2015, 16:55