Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Årets første sonerenn på Vang

Jon Olav Ørsal Sundag 18. januar 2015

Laurdag vart årets første sonerenn arrangert på Vang skistadion på Kvanne. 55 deltakarar mønstra på startreken og var ivrige etter å kome ut i sporet. Sjølv om det tidvis var litt regnvêr så var det god stemning både blant deltakarane og blant publikum og heiagjeng.

11-åringen Johannes Gujord var i klasse for seg i den kortaste løypa (2 km) , og kom i mål på 5.43.  På 2,5 km-løypa var det Stine Fiske som fekk bestetida på 7,23, medan Gine Fugelsøy fekk bestetida på 5 km-løypa. Her kan du sjå heile deltakar – og resultatlista.

Arrangøren fikk mykje skryt både for fine løyper og for raskt og effektivt arrangement – som gikk prikkfritt.

Nedafor finn du eit bildegalleri med mange bildeglimt frå laurdagens sonerenn på Vang skistadion.  Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 18. januar 2015, 01:27