Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fakkeltoget: – Ei verdig markering

Jon Olav Ørsal Sundag 18. januar 2015

Laurdag ettermiddag arrangerte P/T-utvalet fakkeltog for sambygdingane. Det vart tenkt  som ei stille markering, og for å samlast til ettertanke etter fleire tragediar og mykje sorg det siste året.  I overkant av 80 personar deltok i fakkeltoget, som gikk frå Halsbua og oppover til kyrkja, der det var opne dører for servering av varm drikke til deltakarane.

Fakler_2630

Faklane markerte arrangementet utafor kyrkjemuren. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Vêrgudane var lite samarbeidsvillige, og det kom ein skikkeleg sur regnbyge og sterk vind etter at toget hadde starta og mange av faklane slokna rett og slett.  Men vi trur at mange sette stor pris på arrangementet, og tykte det var godt å kome saman og prate og støtte kvarande slik at vi kan hjelpe kvarandre til å leggje dette attom oss og kome vidare.

 

Publisert: 18. januar 2015, 00:23