Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Donorkveld» med mykje kultur…

Jon Olav Ørsal Onsdag 21. januar 2015

Tysdag kveld var det kombinert informasjonskveld og musikerdugnad i Surnadal kulturhus. Mimi Kleiberg i stiftelsen Organdonasjon heldt eit veldig interessant foredrag og klarte å avmystifisere alle spørsmål for den som har vore i tvil om kva dette er og kva det betyr. Eit større høgdepunkt var musikerdugnaden, der lokal aktørar entra scene og delte song- og musikkglede med oss rundt 200 som var tilhørarar i salen.

Kvelden skal bli både underhaldande, lærerik og litt rørande, sa konferansier Jenny Klinge da ho ønska rundt 200 publikumarar velkomne i Storstuå til musikardugnad og infokveld om organdonasjon etter initiativ frå Ingvild Kårvatn, Fay Johansen og Lise Marie Bjerknesli. Og det hadde ho jammen rett i, for det vart ein kveld der mange dyktige aktørar slapp til og fikk vist kva dei stod for, og publikum sparte ikkje på applausen mellom dei mange innslaga. Først ute var radarparet Øyvind Glåmen og Torstein Snekvik med eit par nummer, før Øratrall med Svanhild Husby & Co overtar scena med både song, musikk og dans. Svein Håvard Saksen, Torbjørn Kvande og Inge Bævre fikk også vist til fulle at dei kan både å synge og spele før Torill Moe og Karstein Mauset runda av den musikalske delen i første akt.

DSC_2914

Solidaritet i praksis!
Den faglege biten var det Mimi Kleiberg i stiftelsen Organdonasjon som stod for. Ho heldt eit interessant og lærerikt foredrag om kva organdonasjon er, og kva problem vi står overfor når vi skal ta stilling til om å bli organdonor. Det kan være ei vanskeleg avgjerd, men med skikkeleg informasjon er det alltids lettare å ta eit standpunkt – og i neste omgang orientere sine næraste om kva standpunkt ein har teke. Ho har sjølv fått transplantert eit organ, ei nyre som ho fekk med mor si, og har erfaring med kor stor betyding det har for henne og for livskvaliteten ho fekk etterpå. Difor brukar ho no mykje tid i stiftinga si teneste for å informere og ikkje minst avmystifisere kva organdonasjon er for noko og korleis det kan skje. Det er sju organ som vi kan donere når vi dør, og som kan redde livet til nokon som ventar på å få transplantert eit nytt organ.  Det er levra, lungane, nyrane, hjarte og bukspyttkjertelen. Kleiberg fortalte at mange, både barn og eldre, får eit heilt fullverdig liv etter at dei har fått transplantert eit organ. Men køen for å få nye organ er lang, og den veks – difor er det viktig at fleire blir donor.  Og alle kan bli donor – men for den som skal ta i mot organ må en passe på at blod- og vevstype og størrelsen passar.

Få eit nytt liv – eller behald det du har
Det finns ikkje noko register for organdonorar – det er for komplisert å halde oppdatert og blir for tungvint. Du brukar eit donorkort med namn og fødselsdata på og namn og telefonnummer til dei næraste. Kortet oppbevarast i lommeboka og finns der dersom du blir akutt sjuk eller kjem ut for ei ulykke.

Kva gjer du?
Det dreier seg altså først og fremst om å ta stilling – og snakke med dine næraste. Fyll ut kortet og putt det i lommeboka – gjer det i dag! Du kan finne meir info om dette på næraste apotek eller www.donorkort.no. Det står i dag meir enn 300 i kø for å få nye organ. Men over 10.000 har fått nye organ i perioden 1969 – 2013, så det hjelper å bidra, fortalte Mimi Kleiberg til slutt. På tampen var det igjen tid for kulturinnslag, no med øverbygdingen Gøran Bolme og koret Vox. Heilt til slutt vart kvelden runda av med fellesnummer for alle aktørane som song ”Har du tid” av Lars Bremnes.  Ein triveleg kveld med mykje song og musikk og mykje ny lærdom!

Bildeglimt fra arrangementet i Surnadal kulturhus – alle bilder Jon Olav Ørsal

Publisert: 21. januar 2015, 17:00