Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Hjortfesta blir laurdag 31. januar

Jon Olav Ørsal Sundag 18. januar 2015

Hjortfesta som var planlagt i fjorhaust blir arrangert laurdag 31. januar, fortel festleiar Håvard Halset, som oppfordrar til å kome på fest. Denne gongen er det jaktlaget på sørsia som er arrangør, og dei har mykje å by på denne kvelden –  mellom anna ein velsmakande viltmeny.

Dei byr også på lett underhaldning frå scena, og det blir sjølvsagt utdeling av hederspriaen «Den Gyldne Patron» til ein velfortjent mottakar. Elles blir det salg av brus, øl og vin, – og festa rundar av med ein svingom etter mat og underhaldning.

Denne gongen er det ikkje noko påmelding til festa, billetter a kr 200.- selges ved inngangen. Billetten dekkjer inngang og mat – drikke kjøpast separat.

Velkomen til ein triveleg festkveld!  

Publisert: 18. januar 2015, 23:00