Avklaring om skyteprøven for storviltjegrar
Det har lenge vore uklart kva som skal skje med skyteprøven for storviltjegrar – blir det oppskyting på vanleg måte eller blir det ikkje? No har Miljødirektoratet avklara mykje av denne usikkerheita ved at dei har beslutta at storviltjegrar som tok prøven i 2019 får forlenga godkjenning også for 2020-sesongen. Nye jegrar må derimot ta skyteprøve på vanleg måte.