Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Slåttakarra i full gang på kyrkjegarden

Jon Olav Ørsal Fredag 29. mai 2020

I dag var dert full aktivitet på kyrkjegarden – 2 plenkløpparar i drift og dermed ligg det an til nystelt kyrkjegard til pinse.  Det var Eivind Grønmyr og Ragnar Halle som med kvar sin plenkløppar sørga for slåtten denne gongen. 

Sjølv om det ikkje har vore den store temperaturen og med 20 cm nysnø for eit par veker sia, så har det vore god grasvokster og dermed behov for plenslått på kyrkjegarden. Knappe budsjett har gjort at plenslåtten har foregått på dugnadsbasis dei siste åra.

Det er faktisk triveleg arbeid dette, fortalte dei to som ga uttrykk for at dei treffer mykje folk som stikk innom kyrkjegarden.  Eivind og Ragnar håpar dei som er ansvarleg for gravminna stikk innom og steller gravsteda. Det må pusses og stelles dersom det skal bli fint og velstelt på kyrkjegarden, meinte dei to.

Publisert: 29. mai 2020, 15:08