Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Trimtur langs fjorden på Åsskard

Jon Olav Ørsal Fredag 29. mai 2020

Etter at det vart letta på restriksjonane for smittefaren for koronaviruset, har Stavganggruppa kome godt i gang med stavgangturane sine.  Kvar torsdag har dei eit turmål, og denne torsdagen var det tur langs Åsskardfjorden som stod på programmet. 

I dag var det mange som deltok på stavgangturen, og etter kvart letta været slik at det vart ein triveleg og fin tur utover langs fjorden.  Etterpå vart det pause og kaffekos i lag med gode turkameratar.   Neste tordag går turen til Svinvika, og der er det mange turmulegheiter og noko for ein kvar smak! 

Etter turen var det ein lang og koseleg kaffepause . Foto: Wenche kvendset

Det er mykje å prate om når ein treffes til kaffepause etter turen. Foto: Wenche Kvendset

Været var litt surt i starten, men etter kvart vart det betre. Foto: Wenche Kvendset

29

Først publisert: 29. mai 2020, 04:00 - Sist oppdatert: 28. mai 2020, 22:37