Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Står på for å bli klar til opninga….

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mai 2020

Det er travle tider på Todalshytta den siste tida før hytta skal opne for sesongen.  Det er Arve Evensen som saman med sonen Stian skal drive Todalshytta dei neste 5 åra.  Stian er oppteken med å få unna dei siste eksamenane, medan faren Arve er altmulegmann og jobbar frå tidleg morgon til sine kveld med å få ting på plass til opninga som skal gå føre seg i pinsa.

Snart i mål! Snart er Arve ferdig med montering av nytt dekke under heile svalgangen på Todalshytta.  Foto: Jon Olav Ørsal

Arve er i innspurten på arbeidet med å lagge ny terrasse under svalghangen rundt hytta. Da vi stakk innom var det både saging, skruing og tilpassing.  Sjølvsagt er det mykje oppretting for å legge 2-300 dekke, det er det over hundre år gammel betong som underlag. Men no er snart jobben gjort slik at svalgangen kkan takast i bruk i gjen. 

Arve fortel at det skal bli litt oppgradering på kjøkkenet og – mellom anna skal ny komfyr på plass. Nytt avtrekk frå kjøkkenet skal det også bli etter kvart.  No stundar Arve og Stian på å kome i gang  – for å kunne ta i mot dei første gjestane….

Snart er jobben gjort – 2-300 m2 nytt dekke er ferdig montert under svalgangen. Foto: Jon Olav Ørsal

Storeika måtte ned! Litt av eit basketak, og stavaren som Arve sitt på har ca 113 årringar, og er nok frå første tida det var drift på Todalshytta. No skal det bli bordplate av rotenden. Foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 26. mai 2020, 05:00 - Sist oppdatert: 25. mai 2020, 17:25