Kløvertur, du er velkomen til å bli med ut og gå!
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 1. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Vi fann 9212 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 1. mars. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Nokre regnbyger innimellom spreidde solgløtt skremte ikkje folk bort frå triveleg grillparty utafor butikken på Matkroken Todalen. Coop er ein av dei store sponsorane for VM i Oberstdoft, og dette markerer Coop i sine butikkar no i VM-veka. Og Matkroken som er Coop-butikk i Todalen er ikkje noko unntak.
Eit godt, men spesielt årsmøte – det kan ein ein trygt seie om årsmøtet som Todalen sanitetsforening arrangerte torsdag 25. februar
Fredag pakkar Erik Kårvatn kofferten og dreg til Andorra i Spania på VM i randoneé. Han er ein av fem som skiforbundet har teke ut til juniorlandslaget. To har meldt forfall, og dermed er dei tre som fredag setter seg på flyet til Barcelona. I tillegg er faren Gudmund Kårvatn med som lagleiar for juniorane på ein VM-tur som varer frå fredag til neste søndag – altså i overkant av ei veke
På Nordmøre Folkehøgskule er det ei gruppe som har avspenning som valfag. I dag har heile gruppe på 13-14 personar vore i Todalen for å spenne ned å gjera seg litt kjent med Todalen og kva bygda har å by på, fortel Kjell Gunnar Polden som er er læraren deira, og kjentmann på turen.
Fjord1 meldte i dag tidleg om at rute 46 hadde tekniske problem og var innstilt inntil vidare. Kl 05.52 meldes det om normal drift på strekninga igjen.
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart Hoset kjem måndag 8. mars og tysdag 9. mars. Det er mange ledige timar båe desse to dagane. Påmelding til Marit Sanden Søyset på telefon 980 36 391. Marit og Pan set pris på at folk melder seg på så […]
Det er høgsesong for årsmøte og fleire lurar på om eller korleis desse kan gjennomførast i tråd med nasjonale reglar og råd. Under har vi samanfatta ei sjekkliste for ansvarleg arrangør.
Utover heile føremiddagen har det vore leita etter vannlekkasje på anlegget til Todalsøra vassverk uten resultat. No er tankane i ferd med å fylles opp, og da vil det bli prøvd å sette på trykk på dei forskjellige greinene av rørnettet for å prøve å lokalisere lekkasjen.
Sidan i går kveld i 20.30-tida har Todalsøra vore utan vassforsyning. Sannsynleg vis er det rørbrot ein eller annan plass, men vi har ikkje klart å lokalisere skaden enno, seier leiar i vassverket Håvard Halset til Todalen.no.
Sola kom ikkje fram, men det var vindstille, mildt og ikkje nedbør; altså riktig godt turver! Så heile 13 trimmarar stilte til kløvertur siste måndagen i februar.
Det var full trøkk og lang kø for å kome seg med heisen i Surnadal Alpinsenter søndag. Knappast at det har vore så mange i bakken før, og heiskøa var nok ekstra lang på grunn av krava til avstand på grunn av smittefaren. Heiskøa gikk utover plannen og svinga innover og meste rundt huset. Lyder Bævre som satt i kassa smilte nærast frå øre til øre og tykte dette var stas.