Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9043 artiklar i dette arkivet.


Kløvertur i godt ver

Dordi Jorunn Halle Måndag 22. februar 2021

Sola kom ikkje fram, men det var vindstille, mildt og ikkje nedbør; altså riktig godt turver! Så heile 13 trimmarar stilte til kløvertur siste måndagen i februar.


Vinterferie og tidenes skidag i alpinsentret i Sæterlia

Jon Olav Ørsal Sundag 21. februar 2021

Det var full trøkk og lang kø for å kome seg med heisen i Surnadal Alpinsenter søndag.   Knappast at det har vore så mange i bakken før, og heiskøa var nok ekstra lang på grunn av krava til avstand på grunn av smittefaren.  Heiskøa gikk utover plannen og svinga innover og meste rundt huset.  Lyder Bævre som satt i kassa smilte nærast frå øre til øre og tykte dette var stas. 


Kløvertur måndag, blir du med?

Dordi Jorunn Halle Sundag 21. februar 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 22.februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.


Todalen kyrkje – digital gudsteneste no klokka 11

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 21. februar 2021

No frå klokka 11:00 blir den digitale gudstenesta, som vart filma tysdag ettermiddag, tilgjengeleg for våre lesarar. På den digitale gudstenesta er det Kristin Strand som er liturg medan Ronny Kjøsen er organist. Årets konfirmantar i Stangvik og Todalen sokn bidreg med lesing og song. 


Bryllaupsbilete frå Todalen historielag

Dordi Jorunn Halle Laurdag 20. februar 2021

Todalen historielag har eit rikhaldig og verdifullt biletarkiv som skannarpatrulja, Ingri og Ragnhild, har bygd opp og har ansvaret for. Her kjem tre nye bilete frå bryllaupasfeiring frå fotoarkivet. Bileta er frå 1940-, 50- og 60-talet. 


Vintersyn – kunstforeninga inviterer til utstilling og presentasjon av jubileumsskrift

Jon Olav Ørsal Torsdag 18. februar 2021

Laurdag inviterer Surnadal kunstforening til opning av utstillinga «Vintersyn» i Finstua i kulturhuset. Det er i år kunstnaren Jacoba Maria «Coby» Omvlee er årets utstillar og som opnar laurdag 20. februar kl 13.  men det skjer også meir i Finstua denne dagen, for Surnadal kunstforening fyller nemleg 40 år, og dermed er det no klart for å presentere jubileumsskriftet som Eivind Hasle har ført i pennen – eit flott innbunne hefte med 60 sider historie om lagets aktivitetar gjennom 40 år. 


Barnehagebesøk: Dekorerte til ski-VM på butikken

Jon Olav Ørsal Onsdag 17. februar 2021

Onsdag fekk handelsmann Nordvik beøk i butikken frå barnehagen.  Dei eldste bornai barnehagen hadde nemleg laga fine snøkrystallar i dag, og etterpå kom dei saman med Jorunn til Matkroken for å henge dei opp i vindaugo. Ski-VM går i den tyske byen Oberstdorf og startar neste onsdag.


Nytt styre i Todalsfjordprosjektet

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. februar 2021

På ekstraordinær generalforsamling i Todalsfjordprosjektet i dag, var den viktigaste saka val av nytt styre.  malene Aaram Vike vart valt til ny styreleiar, medan tidlegare styreleiar Lars Løset vart valt til styremedlem for eit år for å sikre kontinuiteten.  Ny nestleiar i Todalsfjorprosjektet vart Lars Inge Kvande.


God sesongstart!

Dordi Jorunn Halle Måndag 15. februar 2021

Etter 2 og ½ månad med jul- og vinterferie var det klart for årets første kløvertur i Todalen. Det vart ein god start på kløvertursesongen med 15 deltakarar og godt ver.


Dekningsutfall på Telia i Todalen – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 14. februar 2021

Har du problem med å få kontakt i Todalen på din Telia mobil, så har det nok sin natulege forklaring.  Det ser ut til å være basestasjonen på Halset som har problemer av ein eller anna grunn. Vi har vore i kontakt med Telia kundeservice som påstår at det ikkje er dekningsutfall – men kontakt har vi iallfall ikkje.


Kløvertur utover Stranda

Dordi Jorunn Halle Laurdag 13. februar 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til ny sesong med kløverturar. Årets første turdag blir måndag 15. februar. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.


Asle Beck attende på scena på Todalshytta i sommer

Jon Olav Ørsal Onsdag 10. februar 2021

I sommar får vi gjenhør med musikaraen Asle Beck. Nærare bestemt så skjer det laurdag 5. juni når han entrar scena på Todalshytta igjen. Da er det temmeleg nøyaktig 5 år sia sist vi hadde besøk av Asle, som i 2016 hadde konsert her saman med kompisen Gunnar Westlie.   – Ja, tida går fort, gitt, seier Asle når vi konfronterer han med at det er 5 år sia sist.