Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Geiranger: – Roar har verdsarven som ein del av levebrødet

Jon Olav Ørsal Måndag 21. juni 2021

Todalingen Roar Sæter har eit liv og virke som geitebonde i Geiranger.  Med til saman rundt 400 geiter å passe på, så har han fullt opp.  Rundt 120 av dei er mjølkegeiter som er ute på beite og må mjølkast 2 gong dagleg – eit liknande tal er tilsette i verdsarvens teneste og tener til livet opphald som beitepussarar.  Dei skal rett og slett sørge for at det terrenget ser fint og velstelt ut, når turistane kjem til Geiranger – enten med cruisebåtar eller pr bil og buss.

Roar reiste i 1993 til Geiranger da han fekk jobb som landbruksavløysar her, og da tok det ikkje så lang tid før han fekk tilbod om å drive ein av gardane han var avløysar på.  I 1995 tok han skrittet og starta med å drive den garden der fjøset står – mesta på toppen av Ørnevegen.  Dette tilværet trivs Roar godt med, og seinare har han leid meir jord og har i dag rundt 400 dekar slåttemark til saman. I tillegg har han kjøpt eit bruk i Eidsfjord, der han og sambuar Tone er busette.  Tone har vore her i Geiranger like lenge som Roar, og ho har sitt daglege virke som sals- og marknadssjef på Hotell Union i Geiranger. 

I tillegg leiger Roar inn ein dreng som hjelper med gardsdrifta sumars tid – han kjem frå Ukraina og er hos familien sumars tid kvart år. På grunn av pandemien såg det lenge ut til å gå skeis i sommar, men denne veka kom faktisk løysinga og dermed kjem han hit ganske snart. 

Geitene som er «tilsette» for å halde terrenget ryddig er ammegeiter, som har med seg kjea sine på denne jobben.  Disse leiger han ut for ein fast sum for denne jobben, og rundt 120 mordyr er engasjerte på denne måten.  Når vi pratar om geitene, så fortel Roar at han er glad for at kjekjøtt held på og blir skikkeleg verdsett som gourmetmat.  No blir dei fleste kjea fostra opp og kan seljast som prima slaktedyr.  Tidlegare vart kjea avliva straks dei vart fødde, og det var ein trist og utriveleg del av geitdrifta. 

Roar gjev uttrykk for at han trivs godt i Geiranger, men han nemner ofte Nordvik og Todalen i samtalens løp.  Han legg ikkje skjul på at han og Tone ser for seg pensjonisttilværet på Nordvik, der dei held på og bygger hus i det nye bustadfeltet. Men vi forstår da at det er noko som er aktuelt først om nokre år.  

Men no er det mjølking av 120 geiter som står på programmet og det tek no litt tid, så vi sluttar den trivelege visitten langt oppi Ørnevegen og nyter utsikten inn mot Geiranger sentrum før vi setter oss i bilen og fortsett turen ned dei bratte bakkane.

Sambuar Tone jobbar som sals- og marknadssjef ved Union Hotel. Foto: Jon Olav Ørsal

Klassisk utsikt over Geiranger – på grunn av pandemien er Geiranger utan cruicebåtar så langt i år. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 21. juni 2021, 14:08