Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No kan du prøve deg på glamping i Ramnefloget

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. juni 2021

Det er nok mange som hugsar artikkelen vi hadde i fjor om Ramnefloget og Vegatrappa som Talgø Møretre leverte til Vega.  På vege ligg dei ikkje på latsida, så i år har dei satsa vidare på Ramnefloget Base Camp, og og Talgø er framleis med gjennom Talgø Bygg som har levert  20 «ærfugl-hytter»  – enkle hytter i trekantkonstruksjon –  som skal leies ut til folk som ønskjer å overnatte i området.  Dei inneheld ganske enkelt berre madrasser, dyner og puter til 2 senger – «glamping» er det nye ordet på alles lepper på Vega!

Hyttene er plassert ut ved Vegatrappa som går opp mot Ravnefloget på Vega. No er dei klare til å ta i mot tidenes straum av turistar som skal feriere innomlands. Foto: Gunnar Almlid

På Talgø Bygg er det Nils Ove Bruset, Jakob Reurink og Bjørn Sæterbø som har jobba med dette prosjektet – der Nils Ove har vore kundekontakt, Jacob (Eller Jaap som han blir kalla til dagleg) som har vore konstruktør og prosjektleiar på det tekniske planet og Bjørn Sæterbø har vore modellsnekkar og ein krumtapp med tekniske løysingar.  Dette prosjektet har det vore jobba med i vinter, og no i april/mai vart hyttene produsert i elementfrabrikken til Talgø Bygg, og montert ut i terrengen ved Ramnefloget på Vega. 

Hos Talgø Bygg er det Nils Ove Bruset og Jacob Reurink som har leia prosjektet, og i april/mai vart det levert og montert 20 hytter ved Ravnefloget på Vega. Foto: Jon Olav Ørsal

Bjørn Sæterbø er modellsnekkar, og har vore ein krumtapp til å finne tekniske løysingar for dette spesielle prosjektet. Arkivfoto: Nils Ove Bruset

Her vekte dei stor oppsikt hos NRK Nordland som hadde ein reprotasje derifrå – men ikkje eit ord om at dei var laga i Todalen.  No er dei altså tekne i bruk, og med tidenes «heimeferie» i Noreg i vente i sommar så vil det nok bli mange som kjem til å besøke Vega og Ramnefloget. Og det blir nok mange som får prøve «rugekassane» som er plassert ut ved Ramnefloget. – Dette er nok eit tilbod som kjem til å bre om seg og blir populært.  Dett kan du også lese om på NRK Nordland sitt oppslag om saka.  

Vi har nokre bildeglimt frå Ramnefloget og frå Talgø Bygg i eit lite galleri nedafor.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

TrekantKonstruksjon_1428

Picture 1 of 4

Det er Jakob Reurink og Nils Ove Bruset som har leia prosjektet hos Talgø Bygg AS

Først publisert: 16. juni 2021, 15:00 - Sist oppdatert: 17. juni 2021, 08:32