Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tradisjonell dugnad før Todalsdagen

Jon Olav Ørsal Tysdag 22. juni 2021

Førstkomande laurdag er det Todalsdag, og da er det tradisjonellt både ein og fleire dugnadskveldar i forkant av arrangementet.  Tysdag kveld var det samla ein effektiv gjeng som fikk gjort unna det meste med tanke på oppfiffing av anlegget, slik som kantslått og utplassering av utstyr som skal brukast.

her moteres restauranttelt. Foto: Jon Olav Ørsal

Sidane ein fekk gjort unna mykje av arbeidet i på tysdagsdugnaden så er det nok å berre samlast for å få på plass det siste av utstyr på fredag kveld.  Da vil også storgrillen kome på plass og restaurantteltet og resten av utstyret. 

Sjefen sjølv, Lars Stensby, sørga for merking av fotballbanar. Foto: Jon Olav Ørsal

Lars Stensby som er anleggssjef var godt nøgd med innsatsen til dugnadsgjengen og tykte ein no ligg godt for å kjøre i gang Todalsdagen på laurdag. 

Her kjem nokre bildeglimt frå dugnaden tysdag kveld – laurdag er det klart for ein ny Todalsdag!  Alle foto Jon Olav Ørsal

DSC_1599

Picture 1 of 8

Kantslått - Jostein Bruset i aksjon

Publisert: 22. juni 2021, 20:21