Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Terje fikk ein ekte todaling på kroken!

Jon Olav Ørsal Onsdag 16. juni 2021

Etter fleire rykk og napp, vart det endeleg fast fisk på kroken for Terje Kristiansen i dag.  Det skjedde i Tømmermelhølen og når den kom på vekta viste den 6 kg – det som var spesielt med denne laksen er at den er fettfinneklipt, og det vil seie at den er produsert ved Rossåa settefisk og sannsynleg vis sett ut i Toåa for eit par år sia.  Det var ein hofisk på 85 cm som altså vart teken på flue i Tømmermelhølen.

Tilsaman er det no kome i land 4 laksar – den første dagen vart det ein på 3,5 i skjorahølen og ein på 5 kg i raudåhølen. Onsdag er det teke to så langt kl 19.30 – ein på 5 i Raudåhølen og altså ein på 6 kg i Tømmermelhølen. 

No er det lettare vêr, og dermed vil nok vassføringa gå ned litt og temperaturen opp – det skal egentleg love god for laksebettet mot helga, og da blir det nok også fleire fiskarar å finne langs elvekantane.  

Publisert: 16. juni 2021, 18:37