Stor stas i fjøset på Hjellnes
Det er sagt at saulamminga er vårens vakraste eventyr, og jammen er det stor stas med nytt liv i fjøset. I Oppistua på Hjellnes er ikkje saulamminga komen i gang enno, men derimot har det vorte mange kje å kose med. Nils Erik tek oss med på omvisning i gammelfjøset dei dei 5 geitene av rasen kystgeit held hus, og der er det full rulle med eit tital geitkje som held aktiviteten i gang.