Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Høgda og varmen blir utfordring for Erik

Jon Olav Ørsal Torsdag 29. juli 2021

Erik Kårvatn er i Italia for å representere Norge i motbakkeløp og skyrunning i Italia.  Da han og resten av gjengen landa på flyplassen i Roma var det 37 varmegrader, så det er klar at varmen blir ei utfordring.  Faren Gudmund som er i lag med den norske delegasjonen seier at dei no førebur seg så godt dei kan med å balansere inntaket av salt og drikke. 

Illustrasjonsfota fra arrangøren av VM i Italia

Dei har tilhold i ein landsby som ligg på ca 950 m.o.h, men under konkurransen vil dei kome opp i høgder rundt 2500 meter, så dei er forebudd på at dette også kan spele inn på ytinga. På programmet står vertikal (motbakkeløp) på fredag 30. juli og skyrun på søndag .  Motbakkeløp på denne måten er nok nytt for Erik, og du skal jammen disponere kreftene rett når du starter på rundt 950 meter og skal rundt 1000 meter rett opp.  Programmet for  VM kan du sjå her og laste ned på denne linken.  Den offisielle nettsida for VM-arrangementet finn du her!

Les også om Erik og deltakinga i den norske delagasjon til VM i Italia på Driva.no (+ sak)

 

 

Publisert: 29. juli 2021, 12:00