Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Erik gjorde ein respektfull innsats i varmen

Jon Olav Ørsal Fredag 30. juli 2021

Erik Kårvatn gjorde innfridde forventningane da han tok ein 7. plass i sin klasse under Skyrunning VM i Fonte Cerreto, L’Aquila i Italia i dag. I dag var det vertikal som stod på programmet, og det var motbakkeløp i ordets rette forstand. Løypa starta på rundt 950 m.o.h. og gjekk 1000 høgdemeter rett opp lia i ei løype på 3,5 km.  Dette er ei ny øving for Erik, og det vart ikkje betre av at det var 33 varmegrader i bakkane opp mot målområdet. Trym Dalset Lødøen kom på 3.-plass og vart beste norske deltakar. 

Vi kan nok tenke oss korleis det føles etter 1000 høgdemeter i 33 varmegrader! Foto: GK

Totalt i herreklassen var det 83 deltakarar og her kapra Erik ein god 19.-plass samanlagt. Det må seiast å være eit imponerande resaultat når ein tenker på at Erik stiller til start i yngste juniorklasse. – I dameklassen, der det var 42 deltakarar var det norske Ida Waldal som gikk heilt til topps – imponerande innsats der også.  

den norske delagasjonen gjorde ein kjempeinnsats – frå venstre: Trym Dalset Lødøen, Morten Antonsen, Erik, Grieg, Emil Aslaksen Røed og Ida..

Laurdag er det ikkje konkurranse, men søndag er det Skyrunning og start alt kl 8:30.  Her er løypa på 21,6 km og med heile 2260 høgdemeter vil det nok bli ei krevjande løype å kome gjennom. Det er meldt 25 varmegrader i morgon, så det er nok lurt å passe på væskebalansen i det varme været.  

Link til resultatservice frå VM-arrangøren   Takk til Gudmund Kårvatn for mang fine bilder frå VM og området rundt. 

I denne lia vart dagens vertikal arrangert – 1000 høgdemeter og 33 graders varme! Foto: GK

Her gikk starten – på rundt 950 m.o.h. foto: GK

Løypa går etter stien opp mot toppen der gondolbanen endar opp. Foto: GK

 

Publisert: 30. juli 2021, 20:30