Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Nyheitssak nummer 10 000 på Todalen.no

Jon Olav Ørsal Laurdag 31. juli 2021

Det er no temmeleg nøyaktig 12 år sia Todalen.no såg dagens lys.  Det var 24. august 2009 at Ole Petter Talgø la ut den første saka om «Todalen på nett».  Ole Petter var arkitekten som sørga for web-design av den første nettsida med adresse www.todalen.no.  Nettsida vart til som eit resultat av at Todalen I.L. laga ei eiga jubileumsside til sitt 100-årsjubileum i 2008 – den heitte www.todalenil.net og var operativ i jubileumsåret.  I neste omgang vart det jobba med eit permanent opplegg for ei slik side i «Bygdemobiliseringsprosjektet Godt mot».  Ei nettside for bygda var eit av fleire prosjekt i denne samanheng – og drog med seg støtte til nettsideprosjektet med knappe  kr 30.000.

Som sagt så var vi i gang i august 2009 – og sidan har det berre balla på seg. September 2009, som vart den første heile månaden, kom besøkstalet på 4931 – noko vi var veldig godt nøgd med. Vidare gjekk det berre oppover, månad for månad, og ved årsskiftet 2009/10 hadde vi nådde 23.847.  Stor stas!  Dersom vi samanliknar med dei siste 12 månadane så har vi no nådd 462.305 besøk på sida.  Sia starten og fram til i dag er talet 4.337.000. 

Et av dei aller første bilda av raset i Stranda – ca ein time etter at raset var gått. Det var enno uklart om nokon var tekne av raset. I tida etterpå spela Todalen.no ei sentral rolle med å informere folk i Todalen og andre plassar om kva som skjedde og kva som skulle skje. Vi var faktisk infokanal nr 1 for rasinformasjon. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

 

Sidan den forsiktige starten er det no snart gått 12 år, og da er det lett å rekne ut at 10.000 saker på 12 år blir rundt rekna blir 2,3 saker pr dag i gjennomsnitt.  Og vi har faktisk vore «på» 24/7  i desse åra, og det har enten kome nye saker eller nytt dagens bildet «kvar einaste dag» som slagordet vårt fortel.  I løpet av dei 12 åra har vi laga mange saker med mange lesarar.  Ei av sakene med største lesartala finn vi nok frå dei første sakene frå raset som isolerte bygda 31. juli 2013.   Med overskrifta «Stort ras i Stranda inn til Todalen» kom saka som samla mesta 3000 lesarar, og som faktisk var med og den hendinga dobla talet på lesarar utover hausten 2013.  Den gongen skaffa vi oss nok mange nye lesarar på fyldig dekning om raset og tida etter raset. Mange av desse heng faktisk  med enno i dag.

Dette er kanskje nok tal og sjølvskryt for denne gongen, men vi vil i same slengen takke alle som har vore med og støtta oss økonomisk – det er bedrifter, lag og organissasjonar her lokalt og i tillegg mange støttemedlemar.  Utan denne støtta hadde det vore heilt umuleg å få til dette.  Men no er vi altså klar for neste bolk. 

 

 

Publisert: 31. juli 2021, 07:00