Normal drift etter strømstans
Rute 46 Kvanne – Rykkjem er i normal drift frå kl 22.30
Vi fann 9082 artiklar i dette arkivet.
Rute 46 Kvanne – Rykkjem er i normal drift frå kl 22.30
Dei kunne no valt seg ein likare vêrdag når dei først skal på besøk til Todalen. Men sjølv nedbørsmengder, flaumstore elvar, og til og med ras i gammelvegen på Svinvikrunden skremte ikkje Senioruniversitetets medlemar frå turen til Todalen. Dei hadde invitert seg sjølv til Gammelfabrikken, for å sjå og høyre om både gammel og ny tid ved Storfossen i Brusetmarka. Og Storfossen som danna grunnlag for satsinga i 1899 og kraftproduksjon, dundra i dag forbi Gammelfabrikken med 77 m3/sek kl 13.
No er det tid for ein ny runde med fotpleie i Todalen sanitetshus. Fotterapeut Pan Promchart kjem måndag 13. og tysdag 14. sepetmber. Det er mange ledige timar båe dagane.
Det var nok inga overrasking av det var flaumstore elvar i dag tidleg, etter som yr.no i sinemeldingar har åtvara om til dels store nedbørsmengder lokalt. Her på berget kan vi lese på ein av dei lokale verstasjonane at det var mykje nedbør både ein periode i går kveld og ein periode i 2-3 tida i natt.
Etter ein lang periode med pandemi og restriksjonar for arrangement, er det no opna for meir normal drift. Dermed var det klart for medlemsmøte i Todalen sanitetsforening tysdag 24. august, og leiar Maren Ansnes syntest det var kjøle triveleg og stor stas å kunne ønske vel møtt til samling i sanitetshuset att. «Kjekt å terffast!»
Det har i kveld gått eit ras i øvre del av Svinvikrunden. For den som er litt lokalkjent så har raset gått i området i området som kallast Langkleiva – mellom grinda og utsiktpunkteet mot Svinvika. Svinvikrunden blir no stengt, til situasjonen er avklart og vegen er rydda.
Når ein legg turen til Kårvatn, er det på det næraste obligatorisk å vandre inn til vakre Nauståfossen. Men etter ei veke med store nedbørsmengder, og det er vått, dikete og sleipt i terrenget, vart det i dag alternativ turrute etter nye vegar i Dalalia.
Trollheimen Sykkelklubb arrangerte det årlege klubbrittet som går til Kårvatn, med start frå Forsamlingshuset på Nordvik. Det er temmeleg knappe 19 km etter bergningane til 1881.no. Øyvind Berthelsen-Tangvik var kjappast på pedalane med tida 35:45, medan Gaute Moen kom i mål eit lite sekundnd etter.
Surnadal pensjonistlags stavganggruppe inviterer torsdag 26. august til stavgangtur til Hjllnessetra i Todalen. Oppmøte og parkering ved garden på Hjellnes til valeg tid kl 11:00. Alle er velkomne til å bli med på tur!
Laurdagens arrangement – Kårvatn SkyRun 2021 er forlengst historie og har fått mykje omtale både i media og ikkje minst i sosiale media. Vi har fleire bilder, og vi har fått tilsendt bilder frå arrangementet som vi gjerne vil publisere her på Todalen.no. Vi ha difor laga ei sak med slike bilder, som du kan «klikke deg inn på» og sjå dersom du har lyst.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 23. august på Kårvatn. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.
Under laurdagens konkurranse på 29 km på Kårvatn Sky Run 2021 var det ingen som klarte å hamle opp med Erik Kårvatn. morten Antonsen låg lenge først, med Erik på andreplass. Det var på tur ned frå Slanglifjellet til Tovatna at Erik ga gass og etter det var han uslåeleg på turen inn til mål. Erik kom i mål på 3:31:21. På andreplass kom Morten Antonsen 1:24 etter og på tredjeplass kom Fredrik Bruseth på 3:33:38.