Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Lokal julehandel – opningstider i jula og fram til nyttår

Jon Olav Ørsal Torsdag 23. desember 2021

Vi opplever travle dagar med proviantering til julehelga, fortel Terje Nordvik og Jorid Haugen Ansnes på Matkroken Todalen.  Dei var travelt opptekne med å rigge til butikken da vi stakk innom staks etter opningstid tysdag morgon. Vi har knalltibud på pinnekjøtt i dag – og så langt beholninga rekk, med prisar drå kr 155,- pr kg for urøyka.  Vi er «billigst i by’n» både på røyka og urøyka pinnekjøtt, fortel dei to.

Ta julehandelen lokalt – butikken er fylt opp med julemat og gode tilbud. Foto Jon Olav Ørsal

No blir det nok ein hektisk innspurt fram mot stengetid på julaftan – kl 13:00.  Vi har rusta oss godt til jul, og har alle former for tradisjonell julemat – både bakarvarer, ribbe, kalkun og mykje anna godt.  Vi anbefaler sjølvsagt at du tek julehandelen lokalt, og inviterer til ein trygg og fredeleg julehandel i trygge omgivelsar, seier handelsmann Nordvik som er utstyrt med ansiktsmaske etter «direktivet» frå både Coop og kommuneoverlegen.  

Drivstoff får du kjøpt døgnet rundt på kortpumpa på HalsOil – bensin, diesel og fargadisel. Foto Jon Olav Ørsal

HalsOil drivstoff
Drivstoffpumpa er open for kortfylling heile jula – både bensin, diesel og fargadiesel kan du kjøpe og betala med kort heile jula – 24/7 

Vi har for mykje konfekt – derfor kanontilbud til kundane: Nidar Sfinx før 199 no 99 og KongHaakon 450 g før 279 no 150, reklamerer Handelsmann Nordvik! Foto: Jon Olav Ørsal 

Opningstider  i jula
Vi har lagt ut plakaten med opningstider både før jul, i romjula og på nyåret. Her ser vi at det er litt justeringar og tilpassningar til lokale behov.  

Presisering: 6. juledag er butikken open fra kl 10:00 – 13:00 – Etter kl 13 er butikken stengt for vareteljing.

Først publisert: 23. desember 2021, 22:00 - Sist oppdatert: 26. desember 2021, 16:49