Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Erik på tur til WC-opning i Italia – oppdatert

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. desember 2021

Som ein del av landslaget i Norges Skiforbund (NSF) reiste Erik Kårvatn i kveld til Italia for å delta i World Cup-opninga i Adamello.  Både torsdagens sprint og fredagens vertikal blir direktesendt, og vi prøver å få link , slik at vi kan følge med på konkurransane. Elles er det og renn på søndag, da det er individuell – i ein spektakulær trasee. Erik er godt budd på sesongen, så det skal bli spennande å følgje med på sesongstarten.

Dei er no fire som er på det Norske landslaget, og alle saman er der. 
Hans Inge Klette, senior
Vegard Øie, senior
Trym Dalset Lødøen, U20
Erik Kårvatn, U20
I tillegg debuterer 17-årige Ida Waldal i Adamello ( 3 gull frå skyrunning VM i sommar). 
Stian Angermund deltek og for første gang. Han er ranket som verdas beste skyrunner, og debuterer i motbakkane på vertikalen. 
 
For Erik sin del er han første års U20, det betyr yngst, og tøff konkurranse i ein beinhard klasse. 
Viktig å kjenne på forma no mot dei beste i verda, komme i gang tidleg da EM i Spania er allereie 9. februar. 

Følg med på det som skjer – link til direkteoverføring Adamello finn du her: https://tv.ismf-ski.org/?fbclid=IwAR29aWnuESLhsY1On7bUf1seM5RO8jn0kQYeIh39uW5Y0FJbp9UoeAZ7dzU 

 

Publisert: 15. desember 2021, 04:00