Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Opningstider for butikken før jul – søndagsope

Jon Olav Ørsal Fredag 17. desember 2021

Hektisk juleinnspurt på Kårvatn Fjellutstyr – før jul er det gjort ei lita justering av opningstidene,  og for første gong skal vi prøve oss med søndagsope, fortel Gudmund Kårvatn. Komande søndag 19. desember skjer det altså og da er butikken open frå kl 12.00  til kl 16. Nettbutikken er alltid open!

Populært med ski under juletreet, seier Olve Børmark. Foto Jon Olav Ørsal

Elles er det før jul ope i tidsrommet 10:00 – 16:00 dagane før jul – julaften er butikken stengt.  I romjula er butikken open 4. – 5. – og 6. juledag i tidrommet 12:00 til 16:00.  3. juledag og nyttårsften er butikken stengt.  

Kårvatn Fjellutstyr er medlem i Todalen.no

 

 

Publisert: 17. desember 2021, 21:51