Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tøff start på WC i Italia

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. desember 2021

Dagens World Cup-opning i Adamello i Italia var ein tøff start for Erik Kårvatn som stiller i 20-årsklassen på NSFs landslag for første gong.  På prologen i dagens sprintkonkurranse kom Erik på 24.-plass i klassen med totalt 39 deltakarar.  Lagkameraten frå landslaget, Trym Dalset Lødøen kom på 14.-plass i same konkurransen. 

Både Kårvatn og Lødøen raukk ut i kvartfinalen i konkurranse med sterke kandidater frå Mellom-Europa.  Finalen vart vunne av sveitsaren Robin Bussard.  Fredag er det vertikal, som går ut på å være førstemann til toppen.  Fredag blir ein spennande dag i Adamello.

Publisert: 16. desember 2021, 19:36