Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Julegudstenesta vart litt spesiell

Jon Olav Ørsal Fredag 24. desember 2021

Smittefaren og tiltak rund pandemien som herjar landet gjorde at julegudstenesta vart litt spesiell, med berre 16 påmeldte.  Det var påbud om munnbind og krav om avstand, og dette la nok ein stor dempar på førehandspåmeldinga til gudstenesta.  Men vi som var der gjorde det beste ut av situasjonen og kom nok i god julestemning etter kvart.

Einy Rendal Elgsæther var liturg under julegudstenesta. Foto Jon Olav Ørsal

Det var Einy Rendal Elgsæther som var liturg, og med seg i staben hadde ho organist Ronny Kjøsen, Svein Volle som tekstlesar og Nina Halset som solist.  Kyrkjevertar var Kristian Harstad Gjeldnes og Frode Grønmyr.  I tur og orden fekk vi preken med julebudskapet som tema, mykje fin salmesong med Nina Halset som solit og ikkje minst juleevangeliet – den vakraste forteljinga i heile verdslitteraturen som Einy kalla den. 

Det var nok smitteverntiltaka som var årsak til lita deltaking på julegudstenesta – 16 påmeldte til gustenesta i år. Foto Jon Olav Ørsal

Nina Halset hadde eit par solonummer, der ho hadde med seg Ronny Kjøsen som akkompagnør  – mellom anna «Silent night».  Når vi til slutt fikk «Deilig er jorden» var det nok mange som følte at julestemninga kom innom huda. 

Kollekt til kyrkjelydsarbeidet – her kan du vippse til nr 506908 dersom du vil være med å støtte arbeidet.

Todalen kyrkje – etter julegudstenesta 2021. Foto Jon Olav Ørsal

Første juledag kl 12:00 er det høgtidsgudsteneste i Stangvik kyrkje.  Der er det rikeleg med plass og det er ikkje naudsynt med påmelding for å ta del i gudstenesta. 

Publisert: 24. desember 2021, 17:58