Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Iskunst som naturen sjølv har laga

Jon Olav Ørsal Måndag 13. desember 2021

Frå Odd Arild Sande har vi fått ein serie bilde som han har fanga inn på tur innover stranda til Todalen ein av dagane.  Odd Arild er imponert over kor mykje is som naturen har laga den siste tida da det var kaldt – faktisk ikkje langt unna 20-talet med kuldegrader eit par dagar.

Imponerande er både isformasjonane og fargane som er gjenspeila i dei mange og store isformasjonane som naturen har laga.  No melder yr.no mildvêr og regn, så da vil vel iskunsta få hard medfart og ender kanskje i veggrøfta til slutt.

Nedafor har vi laga eit bildegalleri av naturens iskunst – alt fanga inn av Odd Arild Sande med mobilkamera.

Publisert: 13. desember 2021, 15:53