Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

World Cup i Adamello – gjorde mitt livs løp…

Jon Olav Ørsal Sundag 19. desember 2021

I dag har det vore stor spenning under den individuelle konkurransen under WC i Randonee der Erik Kårvatn og Trym Dalset Lødøen frå det norske landslaget stillte på startstreken i klasse U20 menn.  Det var nok ingen som kunne konkurrere med dei to Bussard-brødrene i dag heller, men både Trym og Erik gjorde ein heltmodig innsats i dagen løp. 

Thomas Bussard frå Sveits låg i tet frå start til mål, og kom i mål på tida 1.35,47 med god margin til broren Robin Bussard på 1.37,45.  Trym Dalset Lødøen kom i mål på 5. plass på tida 1.40,52, etter 4. plass på første mellomtid og 6.-plass på andre mellomtid.  Erik Kårvatn avanserte fra 18.-plass på første passering til 12.-plass på andre passering, og klarte å halde 12.-plassen inn til målgang på 1.45,00. Totalt var der 29 deltakarar i klasse U20.

Starten går – det var 29 deltakarar i klasse U20 Menn. Foto frå arrangøren.

På telefon frå Adamello fortel Erik at det var litt dramatikk rett etter starten, da han mista ein av fellane.  Hefta seg nok bort litt på dette, men løysinga var nok reservefella og det gjorde nok ikkje så mykje.  Fekk etter kvart opp farten og plukka løpar etter løpar og fikk ein skikkeleg «boost».  Avanserte altså til 12.-plass ved målgang – eg hadde nok mitt livs løp i dag, sier Erik, og er sjølvsagt storfornøyd med resultatet. 

Måndag morgon går flyet, og Erik tek på heimveg, og kjem nok til lands i løpet av morgondagen og da blir det vel etter kvart juleferie før sesongen startar for fullt for Erik og resten av Randoneelandslaget.

Her passerer hovedfeltet – og det ber til fjells. Foto fra arrangøren

 

Først publisert: 19. desember 2021, 14:45 - Sist oppdatert: 20. desember 2021, 07:18