Vindfall og harde vindkast
Det er ikkje berre løse takplater i turstien. I den sterke vinden som har vore i ettermiddag og kveld så har det og vore eit par vindfall.
Vi fann 9145 artiklar i dette arkivet.
Det er ikkje berre løse takplater i turstien. I den sterke vinden som har vore i ettermiddag og kveld så har det og vore eit par vindfall.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 28. mars. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?
Det er lause takplater på løa som står i Gunnøya – I dag er det meldt sterk vind, og vi vil oppfordre folk som ferdes i området til å være merksame på faren.
Snart er det klart for servering på Todalshytta, som minner om balldag tysdag frå kl 15:00 og utover til kl 18:00. Som vanleg er det både sildball og potetball på menyen, og sjølvsagt supplert med vanleg tilbehør. Todalshytta tek gjerne mot bestilling på telefon 975 16 103.
Denne veka har Bergen og Voss arrangert NM-veka, der 11 idrettar i løpet av 4 dagar skal gjennomføre 23 norgesmesterskap, der heile 68 NM-vinnarar skal kårast. NM i Randonee er mellom idrettane som står på programmet, og der sikra Erik Kårvatn sølvmedalje i laurdagens sprinkonkurranse, nokre fattige sekund etter vinnaren Hans Inge Klette frå Voss, som konkurrerte på heimebane.
Veden varmar fleire gong blir det sagt, og det stemmer nok. Når feller, sagar, kløyver, og når ein stablar, til slutt når ein bær den inn og fyrer. Uansett er det iallfall tid for å tenke på neste vinter og få fram vedforsyning som skal tørke og være klar til bruk til kultda sett inn på seinhausten
Natt til søndag er tida kome for å stille om til sommartid igjen. Nærare bestemt kl 2 på natta skal du flytte klokka fram til kl 3 for å være heilt nøyaktig. Det er no mange som spekulerer på om klakka skal stilles attover eller framover. Her er det ein enkel regel at klokka skal stilles mot sommaren både på våren og på hausten – det er lett å hugse.
Er du heldig så kan du no finne gevir som hjortane har felt. Kristian Gjeldnes var ute på trimtur til Hyllå (Eller Ja-benken om du vil) og fann da eit flott gevir i ekkerkanten innafor Husby.
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 2. april i tidsrommet 13:00 – 16:00. NB! Merk datoen!
Vi spekuulerte litt på kva som foregikk når Mesta troppa opp med gravemaskin og gule blinklys ved avkjøringa til Bekkerhagan og Lauvåskogan. Men det var ikkje meir mystisk enn at dei monterte fundament til nye skilt som skal opp attmed vegen.
Onsdag 30. mars kjem Ole Kristian Stokke til ope møte i Surnadal demensforening og helselag. Da vil han fortel om korleis han og kona Guro taklar kvardagen etter at ho fekk demensdiagnosen for 11 år sia. I 2018 fekk dei to demensprisen for Møre og Romsdal på grunn av at dei har vore så opne og fortalt om korleis Guros diagnose har påverka livet deira.
Det var Norsk kvalitetsmat som fikk Sparebank1 Nordmøres Utviklingspris for 2021. Prisen var delt ut under Næringslivsdagen som i dag vart arrangert i Surnadal. Det er 21. gong at den gjeve prisen vart delt ut, ein pris som er til stor inspirasjon for næringslivet, lag og organisasjonar. – I fjord var det Sanitetskvinnene som var heidra med prisen for sin innsats i samband med coronapandemien