Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Info om perioden 9.-29. mai 2022 og endring av ruter

Jon Olav Ørsal Onsdag 4. mai 2022

I perioden 9.-29. mai 2022 når ferjekaiene på sambandet Kvanne-Rykkjem blir ombygd for elektrisk ferje, blir det andre rutetider. Også enkelte bussruter blir påverka av anleggsarbeidet. Arbeidet vil skje på kveld og natt. Det betyr at ferjeavgangane om nettene blir innstilte.  Dersom arbeidet med å elektrifisere sambandet blir fullført tidlegare enn planlagd, går ein tilbake til ordinær rutetabell igjen tidlegare enn 29. mai.

Påverkar to bussavgangar

Arbeidet med ferjekaiene på Kvanne-Rykkjem påverkar også to avgangar med buss:

  • Rute 902 med avgang frå Skei i Surnadal kl. 22.10 blir innstilt
  • Rute 902 med avgang frå Sunndalsøra kl. 22.35 blir innstilt

Merk! Rute 902 med avgang frå Molde kl. 21.00 vil gå som normalt til Sunndalsøra.

Sju samband elektrifisert

Når Kvanne-Rykkjem er elektrifisert, er sju av dei 21 ferjesambanda som FRAM har ansvaret for i Møre og Romsdal, over på elektrisk drift.  Jesper Wiig, seksjonsleiar drift i FRAM, seier vi nok må rekne med nokre innkøyringsproblem ved overgang til ny teknologi. Erfaringa frå dei andre sambanda som er elektrifisert er at det i samband med installasjon og tilpassing av ladeinfrastruktur på fartøy og land, blir nokre innstilte avgangar.  – Men erfaringa er òg at så snart det er på plass, vil regulariteten bli like god med elektrisk- som med dieseldriven ferje, seier Wiig.

Størst utslepp

Fylkestinget har vedtatt eit mål om 55 prosent reduksjon i klimagassutslepp innan 2030. Skal ein nå målet, må det bli tatt store miljømessige grep, særleg innafor kollektiv- og ferjetilbodet, som bidreg med dei største klimagassutsleppa frå fylkeskommunen som verksemd.  Elektrifisering av ferjesamband reduserer klimagassutsleppa betydeleg, og er det største enkelttiltaket i Møre og Romsdal fylkeskommune.
>

Publisert: 4. mai 2022, 14:09